søndag 12. oktober 2008

Hjelp!

For ca. 30 min sidan oppretta eg blogg. For ca. 28 min sidan angra eg. Kva skal eg skrive om liksom?

Mi gode venninde Kristin har ein svært bra blogg. Hu trur ikkje heilt på det sjølv, men eg les faktisk på bloggen hennar rett som det er, utan at ho bestikk meg med sjokolade.
Eg kjem ikkje til å få ein god blogg. Eg kjem antan til å få ein tom blogg, eller ein kaotisk blogg. Men eg tykjer at eg må få lov til det. Særleg med tanke på kor mykje anna "drit" det er ute i den store verden av massemedia.

Men det får eg nesten ta litt på sikt, for no er det nemlig slik at internettet går på internatet mitt.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kjære Ane.
La meg presisera at ikkje alle bloggar treng ta opp verdas største spørsmål. I alle fall ikkje din, for Kristin tek seg av den andre delen. Eg likar når du skriv akkurat sånn som dette, og det er ofte nemleg det å lese sinnsvake, teite innlegg som er oppmuntrande.

Ikkje myst motet! Eg syns du er
K - U - L uansett seriøsitetsgrad!

Ane sa...

Du kan vera sikker på at det ikkje kjem til å verta så seriøst;) Eg skriv det eg tenker på, men eg kjem omlag direkte frå haustkonferanse i krfu, så eg tenker naturleg nok over gjennomsnittet på seriøse ting ;)