lørdag 10. januar 2009

MAS!

Eg må sei at eg blir skremt når eg ser korleis heile verda reagerer på konflikten i midtausten. Alle har ei meining, dei fleste veit ikkje kvifor. I Noreg som liksom er eit land med ytringsfriheit kan det sjå ut som at det er heilt greit at folk hiv stein på politiet, brenn det israelske flagget, ropar "drep jødane", "knus ambasaden" og "jødiske terroristar", men nåde deg om du tørr visa deg med det israelske flagget i offentligheten! Eg vert provosert!

Eg ser på meg sjølv som ein israelsven. Eg må sei meg einig med Kjell Ingolf Ropstad som seier "Eg er ein ven av israel, og som ein god ven må eg sei fra om eg ikkje er einig i alt dei gjer", men eg er fortsatt ein israelsven. Og som ein israelsven må eg óg kunna forsvara dei.

Det er mykje eg kunne tatt opp no, men eg skal byrja med eit svæt sårt tema; Mads Gilbert og Erik Fosse.

Det er svært bra at dei var villige til å være på Gaza og hjelpe dei svake. Det er slik som varmar eit krfu-ar hjarta. Men spar meg for norsk mediadekning av dei. "Det viktigste er at vi har vert vitner"! Det viktigste er at dei redda liv, og eg blir skeptisk til mediadekninga deira når det kjem fram at dei lyg, og når ein ser litt på bakgrunnen deira.

CNN har måtta trekka ein reportasje der Gilbert tilsynelatande mista eit born medan han dreiv med gjenoppliving, men det viste seg at bornet levde både før og etter. Truverdig?

No vert eg ikkje populær for desse legane har blitt heilt hylla blandt normenn, men om noreg er eit land med ytringsfrihet så skal eg pigede meg benytta meg av han!

Vent i spenning på boka til Gilbert kjem ut med mange groteske bilete. Eg gjer det tre veker.