tirsdag 30. mars 2010

Gratulerer med dagen!

Hipp hurra for mi kjære mor som har bursdag i dag!

Eg er veldig glad i deg! : )

mandag 29. mars 2010

"Da så jeg Siggen i det fjerne"

Kristin og eg var på tur på Siggjo i dag. Her kjem nokre kjekke bilete.

































































lørdag 27. mars 2010

Stress i heimen

Mor mi er ordensmenneske.

I morgon skal eg ha familieselskap for å feira 20 års dagen min. Bordet er pynta og huset rydda. 25 timar før selskapet vel å merka. Det var litt kritisk ein periode, for mor mi merka at det var eit fat for lite på bordet.

Me fekk tid til å fikse det.

søndag 21. februar 2010

Eg ler!

Ei av mine svake sider er at eg stadig er inne på seher.no for å oppdatere meg på sladder. Det er eigentleg ikkje bra, men eg kunne gjort verre ting vil eg påstå. Dessutan tilegnar eg meg mykje nyttig kunnskap.

Var nett inne å las at Tone Damli Aaberge treng briller. Eg har tenkt mykje på det, å no fekk eg svar. Hurra.

fredag 12. februar 2010

torsdag 28. januar 2010

Viktig!!

Eg reknar med at dei fleste har høyrt om det som har skjedd i Haiti. Føler du at du har lyst å gjer noko, men veit ikkje kva? Sjekk ut http://www.haiti.no/ og send MMS med kodeord HAITI til 2242 for å gi 20 kr.

Alle har råd til å gi 20 kr, og DINE 20 kr er med på å gjer ein forskjell!

tirsdag 19. januar 2010

Turnè

Onsdags morgon reiser det fleire team ut frå Bildøy til forskjellige landsdelar. Teamet mitt reiser til Rogaland, der me skal få vera med på forskjellige ting.

Det er ein stor moglegheit, og svært utfordrande for alle som er med. Eg trur dei fleste kjenner på nervøsitet når me utfordrar oss, og stiller oss opne for å snakka om Gud til framande mennesker. Sjølv skal eg ha andakt på Tryggheim, og nervene er heilt klart på plass. Men det er ein god ting, for då må eg stola på Gud, at han vil gi meg av hans ord. Og det står i bibelen at Guds ord vender ikkje tomhendt tilbake. Tenk det! Me får vera med på å setta spirer i Rogaland!

1 Tess 2.13
Derfor takker vi stadig Gud, for da dere fikk overlevert det Guds ord som vi forkynte for dere, tok dere imot det – ikke som menneskeord, men som det Guds ord det i sannhet er. Og dette ordet er virksomt i dere som tror

Lat oss håpa at det er nokon som får ta imot det me vil sei, som Guds ord :)

onsdag 6. januar 2010

Temperaturen synk mot -20 grader. Det er mykje snø. Me er eit av verdas rikaste land, fleire gonger kåra til verdas beste land å bu i.
-
6200 mennesker bur på gata.
-