mandag 13. oktober 2008

Likestilling?

Eg skal ikkje prøva å skriva noko sakleg å flott innlegg, for det klarar eg ikkje. Men eg kan skriva ein innlegg uansett.

Det er mykje snakk om likestilling heile vegen, og likestilling kan eg like. MEN! Er me likestilte når gutar og jenter ikkje har den same moglegheiten til å koma inn på skular, eller liknande situasjonar i arbeidslivet? Eg forstår at me må ha likevekt i arbeidslivet, men eg meiner som sakt at me skal ha dei same forutsetningane for å koma fram her i verda.

Men eg kan ikkje så mykje om kvotering å slike ting. Eg kan heller ikkje så mykje om korleis det er med heimeverande foreldre, men eg vil sei noko om det óg eg. Det er mykje snakk om at kva som skal skje dersom ein får born. Skal mora vere heime slik det tradisjonelt har vore, eller skal ho tvingast ut i arbeid, for me treng kvinnelege arbeiderar? Skal faren få den same moglegheiten til å vere heime om han ynskjer det? Skal borna bli sende i barnehagar når dei er eit år, for å bli sosialiserte?

Eg berre spørr; er det ikkje sannsyleg å tru at i dei aller fleste tilfella så er det foreldra sjølve som veit best kva dei bør gjera? Om eg ikkje tar heilt feil, så meiner Krf/KrfU at foreldra sjølv skal velgje kven som skal vere heimeverande, og dei vil auka kontantstøtta til tre år.

Min konklisjon; likestilling er når alle har dei same forutsetningane og moglegheitane, og me klappar for Krf/KrfU!

2 kommentarer:

Kristin Ekberg Vik sa...

Bra Ane!!:D
Du er flink!! Ditta kjem til å bli goood!!!

Ane sa...

hehe.. jo takk ;P eg veit ikkje kva eg driv med, eller skriv om for den slags skjuld, menne eg merke at dette er noko eg kan bli hekta på... eg må berre få tvinga nokon til å lesa ;)