tirsdag 24. februar 2009

Vinterferie!

I dag har eg laga middag til foreldra mine, laga "sjokoladekake" (gløymde å ha i bakepulver :P), gått tur i yret, trent, og vore med Aina-paina! :o)

Det er kosleg å vere heima der alt er som før, sjølv om eg er forandra. Her kjem nokre bilete fra gamle-dagar, og den "store" familien min ;)
















torsdag 19. februar 2009

Ta vare på livet!

Mange spør meg kvifor eg er med i KrfU. Her kjem litt av grunnen.
----------

Det lyder et mannende kall til å gå
med tro - i en tid som vil kreve
Det kjempes om svake, om ufødte små
som ikke får lov til å leve
Ta vare, ta vere på livet!





Det høres en gråt fra de fattiges nød
Vår jord er glidd ut av balanse
Det rustes i meningsløst kappløp til død
-et løp vi er nødt til å stanse
Ta vare, ta vare på livet!


Det suser et sukk fra de visnede trær
Hvem verner det rene og ranke
Og hvem vil verdienes vekst for en hver
med frihet for tro og for tanke
Ta vare, ta vare på livet!

Det klinger et kall om å bygge et hjem
med trygghet for små og for store
Med lover som verner og hjelper oss frem
i pakt med det levende ordet
Ta vare, ta vare på livet!



Vi følger et kall kall om å øke og gi
den hellige arven vi eier
Det står som et mål for vårt folk og parti
-et motto for kamp og for seier:
TA VARE, TA VARE PÅ LIVET!

----------
Dette er Krf-sangen. Eg veit diverre ikkje kven forfattaren er, men eg stjal den for eg tykjer den summerer opp dei viktigaste grunnene til at eg vil engasjere meg i KrfU. Eg meiner at me i Noreg er mykje heldigare enn me er klar over sjølve. Med dette fører eit ansvar for andre mindre heldige i verda, og for kommande generasjonar. Eg meiner at det er viktig å setja dei svake i fokus, og gi dei uhøyrde ei stemme.

I Martin Luther Kings berømte "I have a dream" tale snakka han om sine drøymer. KrfU seier "Drøm større". Eg har mange drøymer:

  • Eg har ein drøym om at verda skal verta ein stad der ingen kjem i ein situasjon der dei føler at dei må velge vekk sitt eige born grunna dårlege hjelpeordningar eller mangel på støtte, og der livet er ukrenkeleg med ein uendeleg stor verdi.
  • Eg har ein drøym om at alle skal verta fødde med dei same moglegheitane til mat, skule, og andre ting som dei fleste i Noreg tar som ein sjølvfølge.
  • Eg har ein drøym om at ein dag i næraste framtid, skal det ikkje dø 30000 born grunna fattigdom.
  • Eg har ein drøym om at me ein dag lærer oss å behandla jorda, og alle resursane me har blitt velsigna med med respekt, og fokus på forvaltning og framtida.
  • Eg har ein drøym om at ingen born står aleine på ein bensinstasjon på julafta, for dei ynskjer det føre det å være heime med alkoholiserte foreldre.
  • Eg har ein drøym om at ingen born skal føla seg utrygge i heimen sin.
  • Eg har ein drøym om at Kjell Ingolf Ropstad skal verta statsminister i Noreg ;)

Dette vart eit svevande og spesielt innlegg, men det er heilt greit for det er min blogg ;)

tirsdag 17. februar 2009

FOR ei helg!

Denne helga skulle russen på Lundeneset Vgs på turné. Planen var Framnes, men grunna dobbelbooking havna me i Odda i staden. Og for ein Gudfeldighet!






Eg trur ikkje det berre er enkelt å vekse opp i Odda. Eg kan ikkje uttale meg sidan eg ikkje har det, men etter statisikkar, og samtalar med ungdommen der kjem eg med den uttalelsen. Eg snakka med nokon som hevda at det var heilt vanleg å byrje med narkotika i ein alder av 12 år! "Ein vart invitert på fest av dei eldre ungdommane og fekk tilbudet om hasj, liksom". Dei sa sjølve at dei ikkje hadde noko å gjere på i helgene, så då vart det til at dei gjekk ut å drakk, og dei hadde ingenting å gjere etter skuletid, så dei drakk då, og så gjekk det dårlegare på skulen, så dei slutta... Det er svært mange som ikkje klarar å fullføre vidergåande. Og det er ikkje pga at dei ikkje har evnene til det, men at dei har vikla seg inn i ein spiral som ein ikkje klarar å koma seg utav sjølv. Og når ingen rundt dei gjer noko, så kan det gå alvorleg gale. Dette trur eg diverre er historien til alt for mange.




På lørdag smala russen på Lundeneset seg utanfor ein Spar butikk og delte ut vafler, kaffi, og flyers om ungdomsmøte på kvelden. Me kom i snakk med mange bra folk, (Kristin fant til og med ein frå Kongo, så hu er endå i fyr og flamme!) og då kvelden nerma seg var me spente på om det i det heile kom nokon.


25 ungdommar frå odda samla seg på bedehuset den kvelden. Om lag 15 hadde aldri vore på bedehuset før, og mange av dei hadde droppa å gå ut å drikke for å koma på Ichtys Odda! Det er heilt fantastisk!








All æra til dei som driv med Ichtys Odda annankvar fredag! Det dei gjer er så ufatteleg viktig! Og kan arbeidet deira føre til at ein person kjem seg ut av spiralen, så er det vert alt! Me må hugse å be for ungdommen på Odda! Gud har ikkje gløymt dei, og det må ikkje me heller!!

torsdag 12. februar 2009

Afrika

Fyst vil eg berre nytta denne anledninga til å ambefale bloggen til Kristin Fauskanger Ekberg til alle! Kristin er ei fantastisk jente med rette haldningar og prioriteringar på plass, og bloggen hennar er ein bra stad om ein har eit håp om å verte halvparten så engasjert som ho.



http://rettferd.blogspot.com/



Deretter vil eg kommentere biletet under, som eg foresten har stjelt frå bloggen hennar. Eg berre lurar på kvifor me tørr å bruke tusenvis av kroner på unyttige ting. Kvifor tørr me bruke tid og krefter på å slanke oss for å nå eit forvrengt ideal som er skapt av oss sjølve, når me kunne brukt tid og krefter på å fø opp born som ikkje har gjort noko for å fortjena den sjebnen som alt for mange går i møte, utanom at dei er fødde i Afrika. Opp mot 30 000 born døyr kvar dag grunna fattigdom! Om det er nokon som tenker at den statistikken har eg høyrt før, tenk på enkeltindivida, ikkje statistikken. Tretti tusen born under fem år døyr kvar dag.


Vår generasjon er den fyrste generasjonen som kan utrydde fattigdom. Sjå på alle krisepakkane som er blitt hosta opp grunna finanskrisa. Eg ser at det er nødvendig med krisepakkar.

Tretti tusen born som døyr kvar dag er grunn nok til ein krisepakke.



Eg kan erleg innrømma at eg ikkje klarar å sjå på dette biletet utan at eg må kjempa mot tårene. Det er kanskje eit teikn på at eg er svak, men me må tørra å vere sterke nok til å vere svake for desse. Dei er ikkje ein statistikk, dei er mennesker som fortener dei same moglegheitane som oss! Me må få Afrika i fokus!

mandag 9. februar 2009

Rwanda/Kongo



I 1994 vart omlag ein million menneske drepne i Rwanda. Ein million! Og det var på grusomme måtar. Dei brukte valdtekt systematisk, og hogg ned folk med macheter eller kva det no heiter. Sverd liknandes, ekle ting. Vesten hadde tidlegar gått inn og sagt "Hei, de er forskjellige folkegrupper og me vil favorisere dei me meinar liknar mest på oss. Her er kort som de må gå med som viser kva gruppe de tilhøyrer". Dei aller fleste i Rwanda hadde ikkje eingong tenkt over at dei var forskjellige folkegrupper, særleg sidan dei hadde budd om einaen og gifta seg på tvers i alle år. Men er det noko me kan sjå av historien så er det at når ei gruppe mennesker blir undertrykka så ender det gale. Og gale skulle det bli! Ein million!




Etterpå sa me i vesten at det var ei skam at me ikkje brydde oss meir. Den feilen måtte ikkje gjentaktast. Lat oss håpa at me ikkje gjer same feilen igjen...




Vent no litt! Der dreit me på dragen igjen! Det har skjedd igjen! Og det skjer no! Samstundes som alle augo var retta mot gaza var det forferdelige scener som utspelte seg i Kongo. Den same konflikten blussa opp igjen. Me reknar med at opp mot halvparten av befolkninga vert voldtatt systematisk. Mange vert drepne. Mange lid. Små born må prostituera seg for å overleva. 8 av 10 lever for nesten ingenting om dagen. Lurer på om det er under 1 dollar eller noko i den duren. Og kva gjer vesten? Kvalmanes lite!




No seier folk at ting har roa seg. Då seier eg flott. Men så tenker eg óg at det betyr på ingen måte at det ikkje fåregår grusomme ting der no. Eg for min del trur ikkje at det på nokon måte er kjekt å bu i Kongo no, og me skal på ingen måte tåle så inderleg vel den urett som ikke rammer oss selv!