fredag 17. oktober 2008

Heima!

Eg er kommen meg heim, og det var godt. Eg ser sjølv at det å vera eit bortskjemt eineborn heilt klart har sine fordeler. Det tok mamma 40 sek før ho hadde bestemd seg for å henta meg. No sit eg å ser på nyhetene me gamlingane. Dei snakkar om finanskrisa, og eg forstår ingenting. Om nokon kan forklare meg det på ein enkel måte, så hadde det vore fint.
No skal eg snart eta maiskolbe, å legga meg i senga mi. Ikkje samstundes...

Btw GRATULERA ME LAPPEN KRISTIN! XD