mandag 13. oktober 2008

Ja til livet!

Eg veit at abort er eit svært vanskleg emne, fordi det er så mykje snakk om det og det er så sårt for dei involverte. Men eg tykjer at det er viktig å setja fokus på dette, særleg sidan tala viser at det er eit aukande problem.

Ein viktig grunn til konflikten er at det er forskjellige meiningar om når livet byrjar, å når mennesket får sin verdi. Her kjem nokre få fakta;
I fosterets veke 4 byrjar hjarta å slå. I veke 8, altså fosterets veke 6, veks det ein mm om dagen. I 11. veke, altså forsterets 9. veke er forsteret 4 cm, har hjerteslag, dei fleste organer, auger, øyrer, ansikt, og det beveger seg.
Me har lov til å ta sjølvbestemd abort fram til 12. veke...

Mi meining er at livet startar ved unfangelsen, eg i denne saka ,som i fleire andre, må eg igjen få sei at ingen mennesker burde bestemme kven som har rett til å leva. Eg veit at det er nokre gråsoner. Til dømes om livet til mora står i fare og liknande. Verda er ikkje svart å kvit, men slike tilfeller er ikkje grunnen til at om lag 15000 tok abort i Noreg i 2007.

Btw om noko av informasjonen ikkje stemmer så er det flott om de seier ifrå! Det er så mykje forskjellig info ute å går.

2 kommentarer:

Kristin Ekberg Vik sa...

Du er kjempe flinke Ane!!:D
Ditta er starten på noko veldig, veldig bra!!!

Sondre Olsen sa...

hei du:) så kjekt! bra at du blogger.