mandag 9. februar 2009

Rwanda/Kongo



I 1994 vart omlag ein million menneske drepne i Rwanda. Ein million! Og det var på grusomme måtar. Dei brukte valdtekt systematisk, og hogg ned folk med macheter eller kva det no heiter. Sverd liknandes, ekle ting. Vesten hadde tidlegar gått inn og sagt "Hei, de er forskjellige folkegrupper og me vil favorisere dei me meinar liknar mest på oss. Her er kort som de må gå med som viser kva gruppe de tilhøyrer". Dei aller fleste i Rwanda hadde ikkje eingong tenkt over at dei var forskjellige folkegrupper, særleg sidan dei hadde budd om einaen og gifta seg på tvers i alle år. Men er det noko me kan sjå av historien så er det at når ei gruppe mennesker blir undertrykka så ender det gale. Og gale skulle det bli! Ein million!




Etterpå sa me i vesten at det var ei skam at me ikkje brydde oss meir. Den feilen måtte ikkje gjentaktast. Lat oss håpa at me ikkje gjer same feilen igjen...




Vent no litt! Der dreit me på dragen igjen! Det har skjedd igjen! Og det skjer no! Samstundes som alle augo var retta mot gaza var det forferdelige scener som utspelte seg i Kongo. Den same konflikten blussa opp igjen. Me reknar med at opp mot halvparten av befolkninga vert voldtatt systematisk. Mange vert drepne. Mange lid. Små born må prostituera seg for å overleva. 8 av 10 lever for nesten ingenting om dagen. Lurer på om det er under 1 dollar eller noko i den duren. Og kva gjer vesten? Kvalmanes lite!




No seier folk at ting har roa seg. Då seier eg flott. Men så tenker eg óg at det betyr på ingen måte at det ikkje fåregår grusomme ting der no. Eg for min del trur ikkje at det på nokon måte er kjekt å bu i Kongo no, og me skal på ingen måte tåle så inderleg vel den urett som ikke rammer oss selv!

3 kommentarer:

Kristin Ekberg Vik sa...

Etter me har redda gatebarn i Bolivia får me redda befolkninga i Kongo.. Eller så får me senda KVASSE brev til Erik Solheim no i desse dagar..;)
Vanvittig bra innlegg! Du er kjempe flink! Eg er stolt øve deg! Imårå eller på torsdag søke me på Hald og skrive brev til Solheim!

Foresten, da er undar 1 dollar om dagen di leve av, ikkje 3..! Da er ein tyggispakke, viss du kjøpe den billigaste!!

Sondre Olsen sa...

Viktig engasjement! Kjekt å lese bloggen din!

Anonym sa...

"Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv."

- Arnulf Øverland

VELDIG sant! :)