tirsdag 17. februar 2009

FOR ei helg!

Denne helga skulle russen på Lundeneset Vgs på turné. Planen var Framnes, men grunna dobbelbooking havna me i Odda i staden. Og for ein Gudfeldighet!






Eg trur ikkje det berre er enkelt å vekse opp i Odda. Eg kan ikkje uttale meg sidan eg ikkje har det, men etter statisikkar, og samtalar med ungdommen der kjem eg med den uttalelsen. Eg snakka med nokon som hevda at det var heilt vanleg å byrje med narkotika i ein alder av 12 år! "Ein vart invitert på fest av dei eldre ungdommane og fekk tilbudet om hasj, liksom". Dei sa sjølve at dei ikkje hadde noko å gjere på i helgene, så då vart det til at dei gjekk ut å drakk, og dei hadde ingenting å gjere etter skuletid, så dei drakk då, og så gjekk det dårlegare på skulen, så dei slutta... Det er svært mange som ikkje klarar å fullføre vidergåande. Og det er ikkje pga at dei ikkje har evnene til det, men at dei har vikla seg inn i ein spiral som ein ikkje klarar å koma seg utav sjølv. Og når ingen rundt dei gjer noko, så kan det gå alvorleg gale. Dette trur eg diverre er historien til alt for mange.




På lørdag smala russen på Lundeneset seg utanfor ein Spar butikk og delte ut vafler, kaffi, og flyers om ungdomsmøte på kvelden. Me kom i snakk med mange bra folk, (Kristin fant til og med ein frå Kongo, så hu er endå i fyr og flamme!) og då kvelden nerma seg var me spente på om det i det heile kom nokon.


25 ungdommar frå odda samla seg på bedehuset den kvelden. Om lag 15 hadde aldri vore på bedehuset før, og mange av dei hadde droppa å gå ut å drikke for å koma på Ichtys Odda! Det er heilt fantastisk!








All æra til dei som driv med Ichtys Odda annankvar fredag! Det dei gjer er så ufatteleg viktig! Og kan arbeidet deira føre til at ein person kjem seg ut av spiralen, så er det vert alt! Me må hugse å be for ungdommen på Odda! Gud har ikkje gløymt dei, og det må ikkje me heller!!

3 kommentarer:

Kristin Ekberg Vik sa...

ODDA!:D
Ahh! Da var rett ei RÅ helg, med RÅ folk og RÅTT opplegg i Odda!:)
Og RÅ Elisha, ikkje minst;)

FR sa...

dette var utrolig kjekt å lese. Odda trenger slike som deg! Håper du reiser dit igjen om ikke lenge :)

Anonym sa...

Kjekt å lese bloggen din!
Eg trur det er best at du blir i Norge til neste år, mange som treng deg her!