søndag 13. desember 2009

I'm Back! (?)

Sidan eg prøver å late som at eg er politisk aktiv og slike ting er det vel på sin plass å ha ein blogg. Eg tenker at eg fortsetter på denne, i staden for å lage ein ny som blir ståande til intet på den store veven. Det er nemlig ein stor mulighet for at det blir med dette innlegget. Eg har litt sjølvinnsikt.

Kan foresten nevna at vist det er nokon som ikkje klarar skrivefeil så kan dei gi meg opp. Eg går på bibelskule utan norskundervisning. Eg har friår. Eg har lov til det. Eg er óg klar over at dette er den fjerde setninga mi som byrjar med "eg". Sjølvsentrert? Tilsynelatandes i alle fall.

Som sakt går eg på bibelskule i år. Bildøy Bibelskule i Bergen. (BBB) Passar meg fint med eit "friår" med kjekke folk og Jesus. Grunnen til at eg skriv "friår" med hermeteikn er at me har full undervisning kvar dag. Så me har jo i sanninga ikkje fri. Men det er mykje å lære, og det er kjekt med utfordringar og opplevelser.

Eg er og så heldig at eg får sitte i Bergen KrFU med ei handfull kjekke folk. ME har eigen blogg som garantert er betre enn denne:

http://bergenkrfu.blogspot.com/

Det får halde for denne gong!

Ingen kommentarer: