tirsdag 22. desember 2009

Godtegris!

Juleførebuingar er så mangt. Det er alt fra nødvendige, men ikkje nødvendigvis kjekke oppgåver som støvsuging og dovask, til kjekke ting som juletrepynting, og julebakst. For dei som har ynskje om å sjå bilete av meg som vaskar do, må eg berre beklaga, for eg har berre bilete av nokre av dei kjekke tinga. Det kan forresten òg nevnast at juleførebuingar har ført til at mor mi nett no ligg i fosterstilling i eine sofaen vår med ein tomt blikk. Eg trur eg må ta ho med opp for å sjå "Love Actually". Filmar med Hugh Grant brukar å gjere susen...


Her er juletreet som mor mi og meg sjølv pynta 20. desember. Dette er noko som me begge likar godt, så tendensen er at det vert tidlegare gjort kvart år. For det meste klarar me alikevel å beherska oss. Det endar òg alltid i krangling om kva julepynt som skal på. Sjølv om me for det meste er einige om både fargar, tradisjon og stil, vert det alltid eit skår i idyllen når problemstillinga om flag og glitter kjem opp. Eg vil ikkje ha det, medan ho vil. Om du studerar bileter ser ein kven som vant...












Her er eit bilete av den nyoppussa stova vår med julepynt og tomme vegger. Veggene er forøvrig så kvite at det er strengt forbudt å lene seg på dei, ta på dei, gå for nerme dei osb... om det er lov å sjå på dei for lenge om gongen er uvisst...










Det er masse masse snø, noko som passar godt til jula. Eg har vore på fleire turar. Det er fantastisk fint å gå å sjå på den flotte naturen medan eg har noko god musikk å høyre på.



Dei siste dagane har det forresten gått mykje i Van Morrison og Joan Armatrading, noko som heilt klart kan anbefalast!













Verdens finaste gut! Simon er tanteungen til Aina. Her lagar me pepperkakehus. Det var i alle fall det som var meininga...












Her viser Aina fram resultatet. Eg var ikkje overtydd om at eg skulle legge dette biletet ut, men eg er ikkje fann av å gjera seg betre enn det ein er. Dessutan kan eg sei at det er Simon sitt verk... ;)










Den som nokon gong har tvilt på konditorferdighetene til mor mi og meg sjølv kan eta orda sine!
















Dette er familien Hindenes. Arve er den største grisen. Han likar bøker, science fiction, matte og fysikk. For dei som no tenker "nerd", kan eg sei at om det er med ein positiv vinkling så er det godt mogleg at det er sant. Drømmen hans er å driva eit nettforum der han legg ut konspirasjonsteoriar og liknande for å freeka ut folk. Genialt!


Sitat pappa: "Det er ingenting som er meir verdifullt enn gode venner. Utenom bøker sjølvsagt..."


Mammagrisen er ei slagferdig dame, som likar orden, og stiller høge krav til folk. Men ho stiller høgare krav til seg sjølv, så det er ein positiv egenskap. Det har hendt at folk har vore redd ho, men som oftast kjem det seg når dei vert kjend med ho.


Sitat mamma:

Ane: "Kan me snakka om noko åndeleg no?!

Mamma: "Herregud, du går jo på bibelskule, får du ikkje nok der?!"

Rosene mine...
Jada, eg er både kåneemne, søt og yndig...

12 kommentarer:

Anonym sa...

Wow! Flott stue!:) Å skikkelig med snø også! Det e koos. Virka som ditte blir ej super jul for dei fleste:) Å de ser ej frem til;) Du må ha ei god jul og et godt nyttår, Ane! Gla i dej<3

- Maria -

Anonym sa...

Ikkje kødd med dei kvite veggene mine.

Mamma

Anonym sa...

Så fint dere har fått det, gleder meg til å se det "live" :-)
Ellers må jeg få si flagg:ja, glitter: nei.

Flott blogg, du er flink.

Hilsen tante(urk..føles gammelt) Birgit

Ane sa...

Maria: du må kosa deg masse masse i julå, å komma snart på besøk på bildøy! de e veldi feil at eg seie besøk der! kjempe gla i deg pena!

Mamma: du gjere kje "folk e redd meg" problemstillingå bedre :P

Tante: ja de blir vel julabesøk får me håpa. trur gamlingane glede seg te å visa de fram, å de har di egentli grunn te åg syns eg ;) men du tar desverre feil når de gjelde flag... ;)

Kristin Ekberg Vik sa...

Fantastisk Ane!:D
Kati får eg komma på besøk?

Anonym sa...

"Sitat mamma:

Ane: "Kan me snakka om noko åndeleg no?!

Mamma: "Herregud, du går jo på bibelskule, får du ikkje nok der?!"


Stakkars mor

Anonym sa...

Og stakkar dei som ikkje forstår humor....!

Anonym sa...

Tenke no mest på stakkars mor som har en datter på bibelskole, ho må da lure på kva ho gjorde feil?

Ane sa...

Haha! Ho mor har det så godt atte! Dykk treng ikkje vera redd for ho :o)

Anonym sa...

Eg er ikkje redd mor di.....
Helsing Eli

Anonym sa...

Eg er veldig redd mor di!

Anonym sa...

Eg og!