mandag 28. desember 2009

Matt 7.3

Ein bør eigentleg ikkje skriva innlegg når ein er irritert trur eg, men eg gjer det uansett. Eg er så lei av å lese nyheter, eller bloggar, eller overhøyra samtalar om KrF som ikkje er tydlege nok om ditt, eller kristne som ikkje tar nok avstand frå datt. Eg har all respekt for at folk har forskjellige meiningar, men eg respekterer ikkje alltid måten dei får fram desse meiningane! Grunnen til at min frustrasjon har toppa seg litt nett no er at eg har lese bloggar som kjempar mot abort. Ikkje misforstå meg, eg er på ingen måte for abort. Eg er faktisk veldig sterkt mot abort, men måten enkelte kjempar for dette er så umenneskleg og ukristleg som det går an å verta!

Som kristne trur eg dei fleste kan vera eininge i at Jesus skal vera vårt førebilete. Kva kan me lære av livet til Jesus? Jo, han såg den enkelte, viste kjærleik, ikkje fordømmelse, og hang med dei som ofte vart dømd av resten av samfunnet. Eg kjenner meg ganske sikker på at om Jesus hadde levd i dag, ville han ikkje vore den personen som viser bilete av aboterte foster til kvinner som er oppe i ein vanvittig vanskeleg situasjon. Han ville nok heller ikkje vore den personen som som tok avstand frå ein person som har havna ut på kjøret, som tar seg eit glas rødvin, eller er homofil.

Eg lar bibelen tala for seg:

Matt 5.5
Salige er de ydmyke, for de skal arve jorden.

Ef 4.1-2
Så formaner jeg dere, jeg som er fange for Herrens skyld, at dere lever et liv som er verdig det kall dere har fått, 2 i mildhet, ydmykhet og storsinn, så dere bærer over med hverandre i kjærlighet.

søndag 27. desember 2009

Flinkingen

Tusen takk til Vegard som har pimpa opp bloggen!


God mann!

tirsdag 22. desember 2009

Godtegris!

Juleførebuingar er så mangt. Det er alt fra nødvendige, men ikkje nødvendigvis kjekke oppgåver som støvsuging og dovask, til kjekke ting som juletrepynting, og julebakst. For dei som har ynskje om å sjå bilete av meg som vaskar do, må eg berre beklaga, for eg har berre bilete av nokre av dei kjekke tinga. Det kan forresten òg nevnast at juleførebuingar har ført til at mor mi nett no ligg i fosterstilling i eine sofaen vår med ein tomt blikk. Eg trur eg må ta ho med opp for å sjå "Love Actually". Filmar med Hugh Grant brukar å gjere susen...


Her er juletreet som mor mi og meg sjølv pynta 20. desember. Dette er noko som me begge likar godt, så tendensen er at det vert tidlegare gjort kvart år. For det meste klarar me alikevel å beherska oss. Det endar òg alltid i krangling om kva julepynt som skal på. Sjølv om me for det meste er einige om både fargar, tradisjon og stil, vert det alltid eit skår i idyllen når problemstillinga om flag og glitter kjem opp. Eg vil ikkje ha det, medan ho vil. Om du studerar bileter ser ein kven som vant...












Her er eit bilete av den nyoppussa stova vår med julepynt og tomme vegger. Veggene er forøvrig så kvite at det er strengt forbudt å lene seg på dei, ta på dei, gå for nerme dei osb... om det er lov å sjå på dei for lenge om gongen er uvisst...










Det er masse masse snø, noko som passar godt til jula. Eg har vore på fleire turar. Det er fantastisk fint å gå å sjå på den flotte naturen medan eg har noko god musikk å høyre på.



Dei siste dagane har det forresten gått mykje i Van Morrison og Joan Armatrading, noko som heilt klart kan anbefalast!













Verdens finaste gut! Simon er tanteungen til Aina. Her lagar me pepperkakehus. Det var i alle fall det som var meininga...












Her viser Aina fram resultatet. Eg var ikkje overtydd om at eg skulle legge dette biletet ut, men eg er ikkje fann av å gjera seg betre enn det ein er. Dessutan kan eg sei at det er Simon sitt verk... ;)










Den som nokon gong har tvilt på konditorferdighetene til mor mi og meg sjølv kan eta orda sine!
















Dette er familien Hindenes. Arve er den største grisen. Han likar bøker, science fiction, matte og fysikk. For dei som no tenker "nerd", kan eg sei at om det er med ein positiv vinkling så er det godt mogleg at det er sant. Drømmen hans er å driva eit nettforum der han legg ut konspirasjonsteoriar og liknande for å freeka ut folk. Genialt!


Sitat pappa: "Det er ingenting som er meir verdifullt enn gode venner. Utenom bøker sjølvsagt..."


Mammagrisen er ei slagferdig dame, som likar orden, og stiller høge krav til folk. Men ho stiller høgare krav til seg sjølv, så det er ein positiv egenskap. Det har hendt at folk har vore redd ho, men som oftast kjem det seg når dei vert kjend med ho.


Sitat mamma:

Ane: "Kan me snakka om noko åndeleg no?!

Mamma: "Herregud, du går jo på bibelskule, får du ikkje nok der?!"

Rosene mine...
Jada, eg er både kåneemne, søt og yndig...

Man in the mirror

Eg likar når andre seier eller har sagt det eg tenker for meg, for då vert de betre formuleringar ;) Her er teksten til songen "Man in the mirror" av Michael Jackson. Eg lar den snakka for seg sjølv.



Gotta make a change
For once in my life
It's gonna feel real good
Gonna make a difference
Gonna make it right
-
As I turned up the collar on
A favorite winter coat
This wind is blowin' my mind
I see the kids in the street
With not enough to eat
Who am I to be blind
Pretending not to see their needs
-
A summer's disregard
A broken bottle top
And a one man's soul
They follow each other
On the wind ya' know'
Cause they got nowhere to go
That's why I want you to know
-
I'm starting with the man in the mirror
I'm asking him to change his ways
And no message could have been any clearer
If you wanna make the world a better place
Take a look at yourself and then make a change
-
I've been a victim of
A selfish kinda love
It's time that I realize
There are some with no home
Not a nickel to loan
Could it be really me pretending that they're not alone
-
A willow deeply scarred
Somebody's broken heart
And a washed out dream
They follow the pattern of the wind ya' see'
Cause they got no place to be
That's why I'm starting with me
-
I'm starting with the man in the mirror
I'm asking him to change his ways
And no message could have been any clearer
If you wanna make the world a better place
Take a look at yourself and then make a change

-

"Be the change you want to see in the world"
-Mahatma Gandhi

onsdag 16. desember 2009

Av og til ler eg meg halvt i hjel!

Som til dømes når eg finn dette bilete! Eg saknar Helen!


søndag 13. desember 2009

I'm Back! (?)

Sidan eg prøver å late som at eg er politisk aktiv og slike ting er det vel på sin plass å ha ein blogg. Eg tenker at eg fortsetter på denne, i staden for å lage ein ny som blir ståande til intet på den store veven. Det er nemlig ein stor mulighet for at det blir med dette innlegget. Eg har litt sjølvinnsikt.

Kan foresten nevna at vist det er nokon som ikkje klarar skrivefeil så kan dei gi meg opp. Eg går på bibelskule utan norskundervisning. Eg har friår. Eg har lov til det. Eg er óg klar over at dette er den fjerde setninga mi som byrjar med "eg". Sjølvsentrert? Tilsynelatandes i alle fall.

Som sakt går eg på bibelskule i år. Bildøy Bibelskule i Bergen. (BBB) Passar meg fint med eit "friår" med kjekke folk og Jesus. Grunnen til at eg skriv "friår" med hermeteikn er at me har full undervisning kvar dag. Så me har jo i sanninga ikkje fri. Men det er mykje å lære, og det er kjekt med utfordringar og opplevelser.

Eg er og så heldig at eg får sitte i Bergen KrFU med ei handfull kjekke folk. ME har eigen blogg som garantert er betre enn denne:

http://bergenkrfu.blogspot.com/

Det får halde for denne gong!