lørdag 10. januar 2009

MAS!

Eg må sei at eg blir skremt når eg ser korleis heile verda reagerer på konflikten i midtausten. Alle har ei meining, dei fleste veit ikkje kvifor. I Noreg som liksom er eit land med ytringsfriheit kan det sjå ut som at det er heilt greit at folk hiv stein på politiet, brenn det israelske flagget, ropar "drep jødane", "knus ambasaden" og "jødiske terroristar", men nåde deg om du tørr visa deg med det israelske flagget i offentligheten! Eg vert provosert!

Eg ser på meg sjølv som ein israelsven. Eg må sei meg einig med Kjell Ingolf Ropstad som seier "Eg er ein ven av israel, og som ein god ven må eg sei fra om eg ikkje er einig i alt dei gjer", men eg er fortsatt ein israelsven. Og som ein israelsven må eg óg kunna forsvara dei.

Det er mykje eg kunne tatt opp no, men eg skal byrja med eit svæt sårt tema; Mads Gilbert og Erik Fosse.

Det er svært bra at dei var villige til å være på Gaza og hjelpe dei svake. Det er slik som varmar eit krfu-ar hjarta. Men spar meg for norsk mediadekning av dei. "Det viktigste er at vi har vert vitner"! Det viktigste er at dei redda liv, og eg blir skeptisk til mediadekninga deira når det kjem fram at dei lyg, og når ein ser litt på bakgrunnen deira.

CNN har måtta trekka ein reportasje der Gilbert tilsynelatande mista eit born medan han dreiv med gjenoppliving, men det viste seg at bornet levde både før og etter. Truverdig?

No vert eg ikkje populær for desse legane har blitt heilt hylla blandt normenn, men om noreg er eit land med ytringsfrihet så skal eg pigede meg benytta meg av han!

Vent i spenning på boka til Gilbert kjem ut med mange groteske bilete. Eg gjer det tre veker.

lørdag 27. desember 2008

Om meg







19 år, kjem frå Bømlo,
går på Bildøy Bibelskule i Bergen.
Er med i Bergen KrFU,
og er svært dårleg til å skrive om meg sjølv.

mandag 27. oktober 2008

Kva skjer med verda?

No kan eg lage "får-i-kål", strikke både rett og rångt, og lage dronning maud. Kvifor eg er single er eit mysterium for meg ;P

fredag 17. oktober 2008

"Ikkje rektigt navla"

Etter ein diskusjon me mor mi, enda me opp på badet for å samanlikna magane våre. Historien før dette kan være det same, men hovudpoenget er korleis det heile enda. For brått står mi eiga mor å hevdar at eg er vanskapt! Hendelse, det er ikkje mi skuld at navelen min er over gjennomsnittet høg!
Ein stad må genene mine koma frå...

Heima!

Eg er kommen meg heim, og det var godt. Eg ser sjølv at det å vera eit bortskjemt eineborn heilt klart har sine fordeler. Det tok mamma 40 sek før ho hadde bestemd seg for å henta meg. No sit eg å ser på nyhetene me gamlingane. Dei snakkar om finanskrisa, og eg forstår ingenting. Om nokon kan forklare meg det på ein enkel måte, så hadde det vore fint.
No skal eg snart eta maiskolbe, å legga meg i senga mi. Ikkje samstundes...

Btw GRATULERA ME LAPPEN KRISTIN! XD

torsdag 16. oktober 2008

Syting ;)

Eg er sjuk, og vil heim slik at gamlingane kan passe på meg og synst synd på meg. Eg vil spele bibelspelet, etterfulgt av ein sær film som berre eg og pappa likar, av typen Star Wars til dømes, så ta eit langt bad i mitt eige badekar, og til slutt sova i mi eiga seng! Eg har nemlig ikkje i mitt 18 år lange liv opplevd å sova i ei seng som er betre enn mi eiga.

tirsdag 14. oktober 2008

Kjære verden,

Eg likar ikkje filmar med open slutt!

Takk for meg!!