tirsdag 19. januar 2010

Turnè

Onsdags morgon reiser det fleire team ut frå Bildøy til forskjellige landsdelar. Teamet mitt reiser til Rogaland, der me skal få vera med på forskjellige ting.

Det er ein stor moglegheit, og svært utfordrande for alle som er med. Eg trur dei fleste kjenner på nervøsitet når me utfordrar oss, og stiller oss opne for å snakka om Gud til framande mennesker. Sjølv skal eg ha andakt på Tryggheim, og nervene er heilt klart på plass. Men det er ein god ting, for då må eg stola på Gud, at han vil gi meg av hans ord. Og det står i bibelen at Guds ord vender ikkje tomhendt tilbake. Tenk det! Me får vera med på å setta spirer i Rogaland!

1 Tess 2.13
Derfor takker vi stadig Gud, for da dere fikk overlevert det Guds ord som vi forkynte for dere, tok dere imot det – ikke som menneskeord, men som det Guds ord det i sannhet er. Og dette ordet er virksomt i dere som tror

Lat oss håpa at det er nokon som får ta imot det me vil sei, som Guds ord :)

1 kommentar:

Anonym sa...

Skal tenkja på deg!