Det har ikkje vore så mykje mas på bloggen min kan du sei, så her kjem ei lita oppdatering.
Det er om lag ein månad igjen av Lundeneset :
Det er om lag 6 veker til Linda og meg sjølv reiser til Alcudia, Mallorca XD
Det er om lag to veker til fyrste eksamen :
Wææææ!!! Det er så utruleg mange følesar (får meg ikkje til å skrive kjenslar nett no). Det skal verta herleg å vera ferdig med vidergåande, og byrja på noko nytt, men det vert sårt å forlata Lundeneset. Men eg ser fram til bibelskule, og ikkje minst sommarjobben min. Eg har fått sommarjobb på Olav skulen som er ein folkehøgskule heime på Bømlo. Der skal eg vera ledar på ferieopphald for vaksne psykisk utviklingshemma. Det ser eg fram til! Og ikkje minst sommarleir med Krfu! woho! FOR ein sommar!
Take care!